– Eg trur nok det blir litt vanskeleg for dykk å finne ut av kven som drap presten i Valle, seier Mæhle til nokre av borna som har møtt opp på Volda bygdetun.

Festspeldiktaren for Dei nynorske festspela 2017 har laga ei krimgåte for små og store, med utgangspunkt i eit ekte drap på ein prest heilt tilbake i 1579. Ein kan løyse gåta ved å finne informasjon i ei løype med ulike postar. Denne aktiviteten er det mogleg å prøve seg på kvar dag under festspela.

– Det har blitt mange krim-bøker, ja. Eg har skrive krim både for barn, ungdom og vaksne – og endåtil ein barnehagekrim. Å skrive krim er ein fin måte å ta opp viktige tema, seier forfattaren.

– Ei ære

Mæhle synest det er ei ære å få lov å vere festspeldiktar for Dei nynorske festspela, og han ser fram til dei ulike arrangementa han skal ta del i under festivaldagane.

– Dette er ei ein gong i livet-oppleving, og eg trur det blir veldig bra, seier han.

Lars Mæhle vaks opp på Sunndalsøra i Møre og Romsdal. I grunnskulen og på vidaregåande hadde han bokmål som hovudmål, og han skreiv i mange år tekstar på bokmål – utan å få gitt dei ut.

– Då eg tok til å skrive på nynorsk var det noko som klikka på plass. Eg fann ei meir naturleg forteljarstemme i nynorsken, fortel 46-åringen.

Mæhle var 32 år då han gav ut si første bok, «Keeperen til Tunisia», og sidan har han gitt ut over 30 bøker på både nynorsk og bokmål.

– Men eg skriv mest og best på nynorsk, seier han. Under festspela skal han mellom anna ta del i opningshøgtida, lese frå bøkene sine om Knoterud FK på Volda stadion, og halde litterær konsert i Ivar Aasen- tunet saman med musikar Øystein Sandbukt.

Drapsvåpen

På Volda bygdetun er nokre gutar frå Ørsta i full gang med å jakte på løysinga av krimgåta. Dei møter tre potensielle gjerningspersonar i løypa, og det vert leita høgt og lågt etter eit drapsvåpen.

– Dette er kjekt! Og litt vanskeleg. Alle seier at det er dei som har drepe presten, så då gjeld det å finne ut kven som lyg. Og det burde vi klare, seier Petter Krumsvik Aamaas (11).

F.v. Tord Krumsvik Aamaas, Marius Eikenes og Petter Krumsvik Aamaas frå Ørsta høyrer på Vond-Amund fortelje om drapet han påstår å ha utført. Foto: Hild Nordal