Og det å ikkje klare budsjettmålet for 2018, som er eit underskot på 86 millionar kroner, er berre ikkje eit alternativ. Det gav det nye styret klar melding om på onsdagens møte som blei avvikla i Volda. Styreleiar Ingve Theodorsen og styremedlem Nils Kvernmo, begge trønderar med lang erfaring frå styre og stell på St Olav Hospital, var krystallklare på at helseføretaket må klare å levere på økonomi.

– Dette var veldig tydelege signal frå styret om at vi må oppnå eit nullresultat for 2018. Styret er veldig klare på dette, seier administrerande direktør Espen Remme til Sunnmørsposten.

Feil veg

– Vår store utfordring er at vi må ta ned lønnskostnaden. Utviklinga i månadsverk går feil veg, og dette må vi handtere, seier Remme.

– Dette betyr nedbemanning? Det er ikkje snakk om berre variable lønnskostnader?

– Ja, vi må ned, og det er krevjande. For å få god effekt må det skje raskt, seier Remme.

– Vi leitar etter moglegheiter i støttesystema våre, og vi må også faktisk slutte med nokre ting som vi gjer i dag, og som ikkje gir nok verdi for pasientane, seier Remme.

– Det nye styret gir veldig tydeleg signal no om at budsjettet må haldast?

– Ja, det er rett. Det er heilt åpenbart og tydeleg at det er eit krav, og det er svært viktig for oss no at vi gjer dei rette grepa før dei vanskelege sommarmånadane, seier Remme.

I sakspapira til møtet uttrykker Remme uro over utviklinga og poengterer at sommarmånadane er ei vanskeleg tid som kan bli kostbar for helseføretaket. Mangel på dei rette fagfolka kan til dømes føre Helse Møre og Romsdal inn i ei kostbar leigeavtale hos vikarbyrå.

Under styremøtet poengterte Remme at ein ikkje berre må vente på store strukturelle grep, men jobbe med omstrukturering og innsparing på mange plan.

Styremedlem Nils Kvernmo poengterte at den økonomiske planen til Helse Møre og Romsdal er svak økonomisk, men også realistisk. Men han var, som styreleiar Theodorsen klar på at ein no må halde budsjettet. Administrasjonen har no sett inn spesialoppfølging av klinikk for akuttbehandling og klinikk for kirurgi for å sikre at desse to tunge klinikkane ikkje sprekk økonomisk. Dei to er peika på som dei med størst driftsutfordringar.