– Her skal IMG sine møblar til den europeiske marknaden produserast, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes ASA.
Grunnarbeida på den nye fabrikken er no i full gang. Sjølve bygget skal stå ferdig første kvartal neste år.
Og i løpet av første halvår skal også produksjonen vere i gang i Litauen.
Investeringen er samlet på 11 millioner euro.
Kjøpt i 2014
Ekornes kjøpte møbelprodusenten IMG (International Mobel Group) i 2014 av hovudaksjonær Nils Gunnar Hjellegjerde.
Ekornes betalte ca. 500 millionar kroner for IMG, som har vist seg å vere ei god investering.
IMG har nemleg vore med på å løfte resultata til Ekornes-konsernet dei siste åra.
Tyskland og Storbritannia
IMG har i dag fabrikkar i Vietnam og Thailand, med ca. 750 tilsette.
Det skal dei framleis ha, men IMG satsar på å få ein sterkare posisjon i Europa, særleg i Storbritannia og Tyskland.
– Og då må vi ha ein fabrikk som ligg nærare marknaden, slik at den kan ta den forventa veksten til IMG i Europa, forklarer Olav Holst-Dyrnes.
Ikkje utflagging
Han er rask med å forsikre at den nye fabrikken i Litauen, som altså skal stå klar til bruk neste år, ikkje skal produsere Stressless stolar eller sofaer.
Det skal dei framleis gjere i Norge, forsikrar konsernsjefen i Ekornes.
– Det er heller ikkje nytt at vi er i Litauen. I om lag 15 år har vi hatt litt leigesaum der. Det gjeld trekk til Stressless-stolane. Også det har vi planar om å fortsette med.
120–130 tilsette
Det er meininga at fabrikken i Litauen etter kvart vil ha 120–130 tilsette, når dei har fått bygd opp organisasjonen.
IMG sin design og produktutvikling, samt marknadsføring, skjer frå Sykkylven.