Overlege Inge Eskeland ved Volda sjukehus meiner at nedlegging nedlegging av akuttkirurgien berre er starten på at sjukehuset til slutt vil bli nedlagt. Helseminister Bent Høie som besøkte sjukehuset tysdag, meiner at dette ikkje er tilfelle.

Temperaturen var høg då statsråden kom til Volda tidleg tysdag. Allereie før Høie gjekk inn til møte med ordførarar på Sunnmøre og Nordfjord, blei han stilt til veggs med tøffe spørsmål fra aksjonistar som vil bevare tilbodet ved lokalsjukehuset.

Høie: – Dette skal ikkje avgjerast frå eit kontor i OsloSjå video: – Fjern grensene, sier sjukehusaksjonist

I møte med ordførarane fekk statsråden høyre fleire argument for kvifor sjukehustilbodet bør bestå. Mange la vekt på behovet for fjordkryssing til Ålesund over Storfjorden.

Les også: – Storfjorden er ei fysisk sperre til ÅlesundBildeserie: Sjå statsrådbesøket i bilde