– Sjølv i denne turbulente tida, med auka rente, dyrare straum, dyrare drivstoff og dyrare mat, så vil ein sitje igjen med pengar som ein kan dekkje andre kostnader med, seier Vedum til NTB.

Han har no fått Finansdepartementet til å rekne på korleis lønnsoppgjer, renteauke og prisvekst vil påverke ein gjennomsnittsfamilie i Noreg.

Og konklusjonen er positiv: Familien ligg an til å få reallønnsvekst.

– Det er òg målet til regjeringa, seier Vedum.

– Sjølv om det er rufsete og uroleg rundt oss, skal vanlege familiar oppleve at ting kan bli litt betre.

Reknestykke frå Finansdepartementet

I reknestykket tek Finansdepartementet rett nok utgangspunkt i ein nokså velståande familie.

Utgangspunktet er at familien har ei samla inntekt etter skatt på 1 million kroner i året. Eit lønnsoppgjer med ei ramme på rundt 3,7 prosent vil dermed bety at familien får 37.000 kroner meir.

Så må dei auka utgiftene trekkjast frå:

* Finansdepartementet tek utgangspunkt i at familien har 3,4 millionar kroner i gjeld. Familien får då 13.000 kroner meir i renteutgifter i år viss Noregs Banks rentebane slår til.

* Auka pris på bensin og diesel vil gi familien ekstrautgifter på 4.500 kroner.

* Auka matvareprisar vil koste familien 3.000 kroner ekstra.

* Dei auka straumprisane vil koste 1.800 kroner ekstra.

Konklusjonen er at familien sit igjen med 14.700 kroner i pluss når alle dei auka utgiftene er trekte frå.

Raudt etterlyser låginntektstal

Raudts finanspolitiske talsperson Marie Sneve Martinussen er ikkje imponert.

– Det er lett å få fine tal når ein sjølv vel dei tala ein vil ha. Denne «idealfamilien» ligg langt over gjennomsnittet i Noreg, så at dei klarer seg godt i møte med priskrisa, er ei lita trøyst for dei som har heilt gjennomsnittlege eller låge inntekter, seier ho.

Martinussen etterlyser no tilsvarande utrekningar for grupper som åleineforsørgjarar, permitterte, arbeidslause og andre grupper med lågare inntekt enn det Finansdepartementet har lagt til grunn.

– Det er forskjellane i Noreg som gjer denne priskrisa til ei krise. For somme er ikkje reknestykket like lykkeleg, åtvarar ho.

Utfordra i Stortinget

I spørjetimen på Stortinget onsdag vart Vedum òg utfordra av Framstegspartiets leiar Sylvi Listhaug.

– Før valet fekk vi vite at turen var kommen for vanlege folk. Det vi no har lært, er at det var vanlege folk sin tur til å få lommeboka tømt. Medan staten fløymer over av inntekter og set stadig nye rekordar på kor mykje ein sopar inn frå månad til månad, så blør lommebøkene til vanlege folk og bedrifter, sa ho.

Listhaug etterlyste spesielt hjelp mot dei høge drivstoffprisane.

Fleire i jobb enn før

Vedum viste for sin del til at rundt 70.000 fleire kan komme i jobb i Noreg i år.

Det å få folk i jobb er det aller viktigaste enkeltgrepet for å løfte dei med lågast inntekt, fastslår han.

– Den gruppa som har svakast økonomi, er dei folka som ikkje har jobb. Det vi ser no, er at det aldri har vore fleire som går på jobb i Noreg enn i dag.

I tillegg vil regjeringa sjå på nye skatte- og avgiftsgrep framover for å hjelpe dei med låge og middels inntekter, lovar finansministeren.

– Men det store biletet er at det er færre konkursar no enn i 2019, at det blir reallønnsvekst, og at det aldri har vore fleire i jobb.

(©NPK)