På årsmøtet til Lokalgruppa for intensivsjukepleiarar i Møre og Romsdal (NSFLIS) vart det vedtatt at dei støttar Legeforeininga sin samrøystes resolusjon om at det er naudsynt å ha akuttkirurgi ved lokalsjukehusa. Det skriv NSFLIS i ei pressemelding.

Les også: Kraftig protest frå grasrota

- NSFLIS Møre og Romsdal meiner at eit lokalsjukehus treng kombinasjonen av indremedisin, kirurgi og anestesi for å sikre god fagleg kvalitet på diagnostikk og behandling av akuttpasientar i sjukehus. Akuttfunksjon føreset døgnkontinuerleg beredskap innan indremedisin, kirurgi og anestesi med tilgang til radiologi og laboratorietenester, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Nærmest umulig for pasienter fra Søre å reise til Ålesund

Volda sjukehus er eitt av fem lokalsjukehus i landet som i første omgang står i fare for å miste akuttkirurgien. NSFLIS fryktar at å legge ned akuttkirurgien ved Volda skjukehus vil svekke helsetilbodet og akuttberedskapen for befolkninga på Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Les også: Vil at Stortinget skal avgjøre akutt-striden

Les også: – Storfjorden er ei fysisk sperre til Ålesund