foto
Heidra Rådmann Andreas Christian Nørve i Vanylven kommune. Foto: Knut Arne Aarset

Prisane til Vanylven kommune og Fiskerstrand Verft blei delt ut under IA-konferansen i Molde torsdag. Det er IA-rådet som arrangerer konferansen, som har over 600 deltakarar, og som peiker ut vinnarane av IA-utmerkinga 2017.

I grunngjevinga for prisen til Fiskerstrand Verft AS peikar deira IA-rådgjevar på  god arbeidskultur utvikla gjennom partssamarbeid og gode HR-rutinar.

Erna besøkte lærlingar på Fiskerstrand Verft: – Viktig å halde på kompetansen

I ei periode med permittering har verftsleiinga vist «særskilt evne og vilje til og ivare og skjerme utsatte og sårbare personer/grupper. Dette skyldes et seriøst IA-arbeid og godt partssamarbeid i bedriften», heiter det i grunngjevinga.

  1. Ein sentral og viktig samarbeidspartner for NAV ved å ta imot kandidatar på arbeidstrening.

  2. Gjer god jobb med lærlingar i alle arbeidsfelt i kommunal sektor – ta imot alle!

  3. Har oppretta eige ungdomsprosjekt for å motivere og få sett i gong ulike tiltak for arbeidsledig ungdom.

  4. Stor velvilje for å legge til rette arbeidsoppgåver for tilsette som slit med helsa.

Bedriftsledelse, rådmann, tillitsvalgte og hovedverneombud hos Fiskerstrand Verft AS og Vanylven kommune var tilstades på konferansen for å ta imot utmerkingane.