I ei pressemelding tysdag opplyser Statnett at kraftberedskapen blir oppjustert. Statnett har endra vurderinga av kraftsituasjonen frå normalt, grønt nivå til «stram», som er gult nivå. Kraftprodusentar blir bedne spare på vatnet.

– Vi oppmodar om at ein framover disponerer vatnet slik at vi ikkje er avhengige av import, med den spesielle situasjonen vi er i i Europa no, seier konserndirektør for IKT i Statnett, Per Olav Østli, til NRK.

– Faren for at vi ikkje får importere kraft, kombinert med lite nedbør fram mot vinteren, kan setje oss i ein situasjon der vi er avhengige av import,.

I dei fleste situasjonar gir bruk av regulerbar vasskraft og moglegheiter for europeisk import oss sikker tilgang til kraft i dei fleste situasjonar. No er det likevel lite vatn i magasina og lite snø i delar av dei sørnorske fjella. Dessutan kan det bli kaldt og tørt den kommande vinteren. I tillegg har Ukraina-krigen drive gassprisane uvanleg høgt, og det er uvisse rundt langsiktige gassleveransar.

(©NPK)