– Dette toler ikkje dagens lys. Eg er sjokkert. Det er ingen god grunn for Fagforbundet å halde fram med å bruke SAS når fagforeiningsknusing er det store målet. Vi må gjere ei grundig vurdering framover, seier Nord.

Ho viser til at SAS lenge har vore det føretrekte flyselskapet til forbundet på grunn av ordna forhold for dei tilsette. Men no er situasjonen ein heilt annan, meiner ho.

– Alle skal ha organisasjonsrett og streikerett. Det er dette som no står på spel, seier Nord.

(©NPK)