Kommunen endrar no på koronatenestene og på rapporteringa.

Smittesituasjonen overvakast framleis av kommuneoverlegane i kommunen, ved FHI og ved Helseforetak og Helsedirektoratet. Det melder Ålesund kommune i ei pressemelding måndag.

Vi har etablert gode rutinar for raskt å kunne setje i gang med testing og andre smitteverntiltak om ei endring av situasjonen gjer det naudsynt, fortel kommuneoverlege Alexander Wiig.

Den kommunale teststasjonen vil vere i drift til ut april. Ut over dette er dei nasjonale oppmodingane at testing skal gjerast på indikasjon ved vurdering av lege.

Hurtigtestar vil framleis vere tilgjengelege som før, fram til september. Hurtigtestar kan bestillast og hentast på ulike stadar i kommunen.

Vaksinasjon

Koronavaksinering er flytta til Moa helsehus og bestilling kan gjerast på alesund.kommune.no/koronavaksine. Nytt frå april er at personar over 80 år kan få ein 4. dose. For bestilling og informasjon sjå nettsida.

I veke 15 og 16 var det i snitt 199 smittetilfelle, som er ein nedgang på 22 prosent frå veke 14.

Vidare i pressemeldinga kjem det fram at influensa A no sirkulerer saman med koronaviruset. Det er ikkje noko oversikt over talet på influensatilfelle då det ikkje er hurtigtest eller registrering for dette, men influensa A utgjer no ein større del av dei positive PCR-testane, skriv kommunen.