Det er blitt mindre mobbing i dei vidaregåande skolane i fylket, men meir i grunnskolen, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tala frå Elevundersøkinga 2021 uroar både mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.

Særleg engsteleg er dei over tala frå 7.- og 10.-klassingane ved grunnskolane i fylket. På 7.-trinn svara 7,8 prosent av dei spurte at dei blir mobba. På 10. trinn var resultatet 5,3 prosent.

På dei vidaregåande skolane rapporterte 2,3 prosent av elevane at dei bli mobba.

Ikkje tida for kutt i budsjetta

Begge omboda meiner det er viktig at kommunane tar undersøkinga på alvor.

– Det er i 2022 ikkje tida for å kutte i budsjetta som rammar barn og unge. Her må politikarane heller bruke meir ressursar for å rette opp det som pandemien har ført med seg, seier mobbeombodet i pressemeldinga.

– Ja, og no må det vere nok folk ute i kommunane til å følge opp dei unge, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.

– Det er viktig at kvar enkelt skole ikkje blir overlatne til seg sjølv, men at skoleeigar tar ansvar, seier dei i pressemeldinga.