Stortinget sin transportkomite er på eit tredagars besøk i Vestland fylke, og måndag var dei på plass i Hotel Alexandra i Loen. Eit sentralt tema i det fire timar lange møtet var mellom anna rv 15 Strynefjellsvegen, skriv Fjordingen.

Direktør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, viste fram ein grov, overordna framdriftsplan der reguleringsplanlegginga startar i 2024, grunnerverv og konkurransegrunnlag i 2026, tunneldriving og bygging i 2027 og vegopning i fjerde kvartal 2033.