Den nye heilelektriske sightseeingbåten «Future of the fjords» skal sjøsettast om to veker, og skal etter planen gå i drift i Nærøyfjorden i mai.

No vurderar selskapet å flytte båten til Geirangerfjorden, skriv Sogn Avis. Årsaka, ifølgje avisa, er at Aurland kommune har sagt nei til søknaden frå cruisereiarlaget The Fjords om å få etablere ei ny flytekai med ladestasjon ved Gudvangen hotell og motell.

Kommunen begrunnar avslaget med utrygge forhold og skredfare i området. Reiarlaget vurderer å bruke ferjekaia i Gudvangen, men ser ikkje bort frå at båten kan ende opp i Geiranger, skriv Sogn Avis.

– Geiranger er plan B

Søsterbåten, den to år gamle hybridbåten «Vision of the Fjords», er for tida på Sunnmøre i anledning konferansen Grøn Fjord. Torsdag frakta båten konferansedeltakarane frå Ålesund og inn i Geirangerfjorden. Dette skal vere første gong eit fartøy går inn til Geiranger med null utslepp.

Dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik, er også med på turen til Geiranger. Han bekreftar at reiarlaget har vore i dialog med Stranda kommune om ei mogleg flytting hit, dersom situasjonen i Sogn og Fjordane ikkje løyser seg.

– Vi kan ikkje bygge eit slikt fartøy, som kostar eigarane våre mange hundre millionar kroner om ein tek med infrastrukturen, og så ikkje ta det i bruk. Då er det klart at vi må ha ein plan B, seier Sandvik til Sunnmørsposten.

Cruisereiarlaget har klaga kommunen sitt avslag inn til fylkesmannen, og Sandvik understrekar at Nærøyfjorden framleis er plan A.

– Vi har diskutert dette løyseleg med Stranda kommune. Vi står for infrastrukturen sjølve og kan flytte han relativt lett, seier han.

Stranda-ordførar: – Vi er klare

– Dersom det blir aktuelt for dei å flytte, er vi klare. Så sant det er enkelt å flytte infrastrukturen, tenker eg at dette er gjennomførbart, seier ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, til Sunnmørsposten.

Stranda kommune og The Fjords har også vore i dialog om framtidige planar.

– Geiranger er i utviklingsplanane vore framover og vil bli svært viktig. Så om vi ikkje kjem no, så kjem vi seinare. Det er berre eit spørsmål om tid, lovar Sandvik.

Hybridbåten «Vision of the Fjords» går mellom Flåm og Gudvangen. Søsterbåten «Future of the fjords» skal sjøsettast om to veker. Foto: Sverre Hjornevik