Med var også Ulf Lindelöf og Jan Melsom i firmaet Waves4Powers, som står bak bølgjekraftverket.

Turen gjekk i god fart ut til bølgjekraftverket utanfor Runde, der dei låg i ro ei god stund, og der kong Harald fekk orientering om prosjektet.

- Kva sa kongen på turen?

- Han fortalde også at han las om bølgjekraft på 70-talet. Mange har prøvd seg og gått konkurs. Han var tydeleg og personleg engasjert, fortel Lindelöf.

Bølgjekraftverket er bygd på sykkelpumpe-prinsippet, med ei svingande vannsøyle og ein flottør på toppen.

Forløparen til dette bølgjekraftverket såg dagens lys i Sverige på 70-talet.

Sykkelpumpe-prinsippet er det mange som har prøvd ut.

- Men vi meiner å vere dei første med heile systemet på plass fullskala og i rett miljø, seier  Lindelöf, og antydar at produksjonen no er 250.000 kilowattimar i året.