Ålesund kommune har lagt ut ei nyheitsmelding på eigne nettsider etter dødsulykka fredag kveld.

Ordførar Eva Vinje Aurdal seier følgande i meldinga:

«Når så mange menneske er involvert i ei tragisk ulykke blir vi alle ramma. Først og fremst dei næraste pårørande. Vi vil gi uttrykk for vår djupaste medkjensle til den vonde situasjonen dei opplever no. Dette er tungt.»

Møre og Romsdal politidistrikt gjekk søndag ut namna på dei omkomne: Kirsti Nedregård (51) og Kathrine Krogen (47).

Ålesund kommune melder at kriseteamet deira jobbar for fullt med å følgje opp dei næraste pårørande:

«Alle som er ramma av den tragiske ulykka har familie, naboar, venner, arbeidskollegaer, medelevar og eit mindre og større nærmiljø rundt seg. Dette gjer at store delar av lokalbefolkninga vår blir ramma».