– Eig du eit viktig køyretøy, bygning eller mindre fartøy? Då kan du bli beden om å bidra til den nasjonale beredskapen. Forsvaret sender 19. januar ut digital melding til bileigarar i Noreg om førebudd rekvisisjon av køyretøy. Frå 2024 inngår også andre ressursar enn køyretøy i ordninga, skriv Forsvaret i ei pressemelding.

Dette er tredje gong Forsvaret sender ut førebudde rekvisisjonar etter at dei starta moderniseringa av rekvisisjonssystemet. I 2022 og 2023 vart det sendt ut litt over 4000 førebudde rekvisisjonar på køyretøy.

No aukar talet. Samtidig kjem bygningar og mindre fartøy med i ordninga.

Dersom du eig ein ressurs som Forsvaret har førebudd rekvirert, får ikkje dette nokon særleg praktisk betydning i fredstid.

– Me ønskjer at du skal kjenna til at køyretøyet eller ressursen din – i ein krigssituasjon – vil bli disponert av Forsvaret ved behov. Den førebudde rekvireringa gjeld for eitt år av gongen, men kan forlengjast, skriv Forsvaret.

Praksisen er heimla i lov om militære rekvisisjonar av 29. juni 1951. Forsvaret kan først setja i verk rekvisisjonane viss riket er i krig, eller viss det blir vedteke av Kongen i statsråd.

(©NPK)