Dersom staten opnar for å bevare akuttkirurgien i Volda, vil ordførarane Ørsta og Volda diskutere ei muleg samanslåing med Stryn og Hornindal, skriv Mørenytt.

Dei to ordførarane vil no be om eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

– I utgangspunktet ser eg føre meg at vi i Ørsta og Volda gjer oss ferdige med våre forhandlingar først, før vi vurderer å gå i samtalar med dei to Nordfjord-kommunane, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) til avisa.

Den 20. og 21. januar planlegg Ørsta og Volda felles kommunestyremøte i Loen. Hit er også politikarar frå Stryn og Hornindal invitert.