Den administrerande direktøren på Hotel Alexandra er dagleg leiar i selskapet og den som har drive det spektakulære reiselivsprosjektet framover frå idéstadiet.

Til turistsesongen

Gondolen og restauranten på toppen skal vere klare til turistsesongen byrjar i mai. Då skal også turistar på sykkel eller til fots kunne ta seg vidare i eit nettverk av stiar på toppen mellom Loen og Stryn, ferdig utbygd blir stinettet 10-12 kilometer.

Om vinteren blir det tilrettelagt for at skikøyrarar kan gå frå gondolen og få tilgang til 1000 høgdemeter nedkøyring til Meland i Oppstryn. Ifølgje Grov har stiprosjektet eit budsjett på 10,5 millionar kroner, inkludert merking og skilting.

Spleiselag

– Per i dag er stiprosjektet ein del av Hoven-prosjektet og blir finansiert av anleggsmidlar derifrå. 18 prosent er finansiert gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune som infrastrukturmidlar for reiseliv. Resten er finansiert av private aktørar, seier Grov.

Det er langt frå berre godvêrsdagar som den vi var på vitjing han er med i arbeidslaget. Ifølgje dei andre stibyggjarane, Rune Holen og Ole Runar Aabrekk, er hotelldirektøren med uansett vêr. Holen og Aabrekk driv stibygging og utmarksutvikling som næring gjennom selskapa sine Naturservice AS og Utmarksressurs AS. Dei to er utdanna innan fagfeltet høvesvis frå Høgskulen i Bø og Høgskulen i Hedmark. Ifølgje Grov har dei to vore med frå idéstadiet.

Økonomisk motor

–Drivkrafta er tanken om å skape ein økonomisk motor for området her. No skal vi byggje ferdig og få det til å gå rundt, så er målet at det blir en motor som kan finansiere opp fleire infrastrukturtiltak, seier Grov om grunnen til at han sjølv går laus med spettet.

Ifølge Grov sit Hotel Alexandra på 34 prosent av aksjane, Nordfjord Kjøtt 18 prosent og Stryn kommune 15 prosent som dei tre største investorane i Hoven Loen AS. Det er reist cirka 100 millionar kroner i eigenkapital av lokale investorar. På aksjonærlista finn ein kjende merkenamn som Ricco Vero, Moods of Norway, Skogstad Sport og Briksdalsbre Fjellstove. – Vi fekk idéen til Hoven-prosjektet i samband med at Liv Signe Navarsete opna Via ferrata for tre år sidan, fortel hotelldirektøren.

Cruisekai

Få kilometer unna fjordstasjonen til gondolen ligg cruiseskipskaia i Olden der 82 cruiseskip har hatt anløp i år. Det tilsvarar 135.000 passasjerar. Hoven Loen budsjetterer med 40.000 reisande på gondolbana første driftsår, 2017.

Det blir Norges og kanskje verdas brattaste gondol.

Krevjande

Stryneverskemda HS Bygg er hovudentreprenør. Austerriksk-sveitsiske Doppelmayr Garaventa leverer installasjonane til gondolane. Begge verksemdene har skote inn kring tre millionar kroner i aksjekapital, og er av dei største eigarane. Budsjettet for Hoven Loen er i underkant av 270 millioner kroner.

– HS Bygg er inne på prosjekt for omkring 100 millioner kroner, seier prosjektleiar hjå HS Bygg Rune Øiestad. – Det er eit krevjande prosjekt på fleire måtar. Vi får installasjonane til gondolen frå Sveits og det er heilt avgjerande med presisjon. Vi kan maksimalt ha 5 millimeter avvik i betongarbeidet. På store betongkonstruksjonar har avviket vore 0 til 1 millimeter.

<strong>STIAR SOM DETTE:</strong> Eit 10-12 kilometer nettverk av slike stiar er i ferd med å bli bygd på Hoven. Noko av arbeidet skjer maskinelt, noko med handemakt. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD
<strong>FIN DAG PÅ KONTORET:</strong> Richard Grov og Ole Runar Abrekk kjempar med ei steinhelle til ein varde. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD