Ti år etter opninga av Eiksundtunnelen, og om lag tolv år etter at det skjedde, lettar prosjektleiar Oddbjørn Pladsen (70) på sløret og fortel om lekkasjedramaet – meir enn 250 meter nede under sjøflata.

Ein uventa lekkasje av sjøvatn – på ein uheldig låg stad i borestuffen – var nær ved å setje profesjonelle tunneldrivarar heilt ut av spel.

Dersom ein misser kontrollen på innlekkasjar så djupt, og med eit slikt sjøtrykk, vil det vere kort tid om å gjere før heile prosjektet går tapt. Det finst nemleg ikkje dei pumper som kan makte å tøme ein tunnel som har runne full.

– Nære på

Dette dystre nestenfaktum fekk Sunnmørsposten ved underteikna nyss om ei tid etter at det skjedde. Dette skjedde i samband med gjennomgang av prosjektet så langt, og ein meir uformell ROS-analyse (risiko og sårbarheit). Pladsen kunne glad fortelje at ein liten klemskade var alt gale som hadde skjedd så langt i drifta.

– Men du, det var nære på med heile tunnelen, tok Pladsen fram. Og fortalde berre kort at det hadde vore ein uheldig situasjon der store menger sjøvatn kom inn. Men at det vart fint handtert.

– Nok av tunnelskrekk og fobiar

Prosjektleiaren ønskte ikkje å utdjupe dette då, han viste til at det er nok av folk som har tunnelskrekk og fobiar for å ferdast under havet. Sunnmørsposten fekk derimot stadfesta av to av anleggsarbeidarane som var til stades kva som i grove trekk hadde skjedd.

– Eg fekk beskjed om å snu bilen der nede umiddelbart, late han stå på tomgang og vere klar til å køyre opp att her på Ørstasida på momentet, fortalde eine sjåføren. Men han ville ikkje stå fram med opplevinga, av ulike omsyn, som han sa den gongen. Han trudde ikkje arbeidsgjevaren ville like at saka kom ut. Det same sa den andre.

Nytt forsøk - og vi får svar

Då vi lufta saka med prosjektleiar Oddbjørn Pladsen nokre år seinare, etter at Eiksundtunnelen for lengst var i full trafikk, var han framleis lite lysten på å gå inn på dramaet der nede i fjelldjupet.

No har derimot ti tunnelår gått. Utan at sjøvatn har utgjort noko problem for korkje trafikken eller drifta av tunnelen.

Pladsen har fått bygd både E39 Kvivsvegen og rassikringa Røyr – Hellesylt. I 2015 pensjonerte han seg og er no heime i Molde for godt.

– God dag, takk for lenge sidan og gratulerer med Eiksundjubileet, Pladsen! Kva var det eigentleg som skjedde nede i Eiksundtunnelen den gongen for snart tolv år sidan? (Dette er kortversjonen på spørsmålet)

– Jau, det skjedde altså at vi fekk ein uventa og svært kraftig lekkasje – rett inn på stuffen – altså på tunneltverrsnittet der boringa og skytinga føregår. – Ein brukar såkalla spionbor for å lokalisere vatn og planlegge tetting før ein går vidare med sprenginga.

– Vi gjekk heile 24 meter innover med desse hola, som vi deretter fylte opp med spesialbetong for tetting. Deretter kunne ein bore- og skyte fire salvar a fem meter, før ein på nytt måtte inn med spion- eller pilotboret som det også vart kalla.

– Då boret vart drege ut att etter ein slik manøver, stod sjøvasspruten mangfaldige meterrett ut, og under eit kolossalt trykk.

Fekk gradvis kontroll

No var gode råd ekstremt dyre. Det som gjorde situasjonen ekstra farleg, var at holet var så lågt over botnen i tunnelen. Dermed fylte det seg raskt opp med sjø, og faren for å måtte prøve å tette holet under sjø vart overhengande.

– Men det var også då nauda var som størst, at hjelpa var nærast. Ein borebas på den store boreriggen hivde seg rundt, manøvrerte maskinen i posisjon og makta å delvis tette holet med deler av boreutstyret. Dermed fekk vi tid på oss til å gyse inn betongmasse og gradvis på tetta sikk at vi fekk kontroll på situasjonen, fortel Oddbjørn Pladsen.

– Får aldri vite

– Kor stor var den reelle faren for at heile tunnelprosjektet til ein milliard kroner gjekk tapt?

– Det får vi vel aldri vite. Vi måtte i beste fall hatt svært kraftige pumper for å kunne halde unna, og dei måtte vi hatt svært raskt på plass. Det er jo litt av ei høgd å pumpe vatnet opp til dagslys, slik det også er den dag i dag, konstaterer Pladsen. Han konstaterer i same slengen at Eiksundtunnelen ligg rett under ein markert fjellrygg på sjøbotnen. På det smalaste er det berre femti meter overdekking med fjell over tunnelløpet, og femti meter til laus sjø på eine sida.

– Tunnelen vart bygd på den absolutt einaste staden det var teknisk gjennomførbart, det er heilt sikkert. Og ein fjellrygg kan ein lett finne og kartlegge geologisk med avansert seismikk.

– Men vatnet og vassårane som går nede i det same fjellet, dei er det langt verre å finne ut av. Det var jo dette vi til fulle fekk erfare den gongen det heldt på å gå gale, innser Pladsen.

Fekk slutt på alkolås i bilane

Han tok på ingen måte lett på hendinga. Ein direkte konsekvens av dramaet i tunnelen, var at prosjektleiaren forlangte at alkolåsane i tenestebilane som køyrde ned i tunnelen vart kopla ut.

– Det viste seg at det fleire gonger var plunder med å få start på bilane, trass i at sjåføren naturlegvis var klink edru. Slike hefte i ein eventuell ny akuttsituasjon ville eg ikkje ta sjansen på – etter dramatikken med sjøvatnet. På dette grunnlaget fekk vi dispensasjon. Den varer så vidt eg veit framleis, og også alle andre stader i landet under liknande forhold, fortel Pladsen.

Edru – i fuktig tunnelmiljø

– Du bygde også Kvivsvegen rett etter Eiksundtunnelen. Ein mann vart teken med promille langs den smale, svingete, rasfarlege og generelt livsfarlege gamlevegen innover der. Han han sa då til sitt forsvar – at han ville sjå i augo den som våga å køyre gamle Austefjordvegen edru.

Det er ikkje slik også i undersjøiske tunnelar – med stort nervepress – at arbeidarane kan trenge eit par-trepromille for i det heile å våge seg ned dit..?

– Å nei du! Berre takka vere klartenkte og handlekraftige folk avverga vi katastrofen den gongen. Så nei – eg stolar på at alle held seg klare i toppen sjølv om alkolåsa er kopla ut, ler Pladsen.

Prosjektleiar – og folkehelt

Romsdalingen vart på mange måtar ein folkehelt på Sunnmøre, etter prikkfri gjennomføring av fire storprosjekt på rekke og rad: Spjelkavika/Breivika, Eiksundsambandet, Kvivsvegen og til sist rassikringa Røyr – Hellesylt. Samband i milliardklassen alt i hop. Særleg på Eiksundsambandet dokumenterte Oddbjørn Pladsen at han faktisk kunne slå spareglade og budsjettkåte sunnmøringar på heimebane: Han gjekk så mange titals millionar under budsjett at både rundkøyringa- og hjortetunnelen i Furene kunne byggjast attpå, før den tilmålte milliarden var brukt.

Søv alltid godt om natta

– Sov du godt om nettene, etter hendinga i Eiksundtunnelen?

– Eg har alltid sove godt. Og hugs på at det var ikkje berre eg – eg hadde jo ein svært dyktig stab kring meg.

– Nei, vi tok att kontrollen, då det galdt som mest. No kan eg berre gle meg over at Eiksundsambandet vart så vellukka. Og det er trygt å køyre, lovar Pladsen.