Ruspåverknad er ei av vanlegaste årsakene til trafikkulukker. Utrykningspolitiet sa i fjor at dei i 2015 skulle skjerpe innsatsen sin mot rus, for å få ned talet på drepte og hardt skadde i trafikken.

Tidskrevjande undersøkingar

I 2014 vart 97 bilistar tekne av UP i Midt Norge. Året etter tok dei dobbelt så mange.

Det var Adresseavisen som først delte desse tala. (Krevjer innlogging.)

Utrykningspolitiet hadde ambisjonar om meir synleg politi langs vegane, utan å setje inn meir mannskap.

- Vi har ikkje brukt fleire ressursar enn tidlegare – det som skiljar ruskontrollar frå andre kontrollar vi utfører, er at dei er meir tidskrevjande, seier Hollum.

Nedprioritering

- Når vi tek slike grundige undersøkingar langs vegane, avdekkjer vi også andre typer kriminalitet. Vi har også enklare for å oppdage andre former for rus, som vi elles ikkje ser like mykje til, legg han til.

Les også: Utlendinger fyllekjører mest på Sunnmøre

Per Einar Hollum i UP seier det er langt fleire ruspåverka sjåførar der ute enn ein anar. Foto: Arkivfoto