I Brandal vart sinne til glede for mange då formannskapet i Hareid sa nei til planane om eit oppdrettsanlegg ved bygda denne veka. Også søknaden om dispensasjon for eit anlegg ved Teineberget vart stemt nei av eit fleirtall på fire mot tre.

Følg smp.no på Facebook

Ville seie ja til begge

Ordførar Anders Riise var den einaste som stemte for å selskapet Salmar dispensasjon i begge sakene. Han peiker på at selskapet gjorde om søknaden og reduserte anlegget betydeleg etter mykje motstand mot prosjektet.

– Eg synst vi er litt utydelege når vi først legg ut eit område for akvakulturanlegg, før vi i neste omgang seier nei. Det er eit uheldig signal å sende ut til næringa, seier Riise til smp.no om avgjerda.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Skeptisk til nytta

Men dei andre formannskapsmedlemmane sa seg altså einig med rådmannen sitt framlegg.

– Dette er ei næring som er viktig for Norge, men plasseringa i Brandal er bortimot meiningslaus, argumenterte Einar Warholm (V), ifølgje lokalavisa.

Ordførar Anders Riise i Hareid lvar den einaste som ville seie ja til dispensasjon for begge lakseanlegga. Arkivbilde