Rapporten er utarbeidd av Åknes/Tafjord Beredskapsenter i samarbeid med fylkesmannen og dei råka kommunane.

– Straumnettet vil bli heilt øydelagt, men der vil også vere lite igjen å forsyne, er den nøkterne omtalen av energisituasjonen i Geiranger etter at flodbølgja har rasert bygda.

800 bustader og 216 hytter vil bli evakuerte. 162 av desse er i Stranda kommune, 66 er i Ålesund.

Straumnettet blir øydelagt i dei mest råka områda. Vassforsyninga i dei einskilde kommunar vil saman med kloakknettet bli sett ut av funksjon.

Telefon og datalinjer er vekk og delar av katastrofeområdet er berre tilgjengeleg med helikopter.

Sjå Sunnmørspostens presentasjon av trusselen som Åkerneset, også kalt Åkneset, faktisk utgjer: Fjellet som trugar - slik vert den verkelege bølga

På ein vanleg dag oppheld det seg 6.500 personar i dei områda langs fjordane som vil bli fullstendig øydelagt den dagen fjellpartiet på Åkneset går i fjorden.

Straum, vatn, avløp, telefon og datasamband blir sett på som kritisk infrastruktur som vil bli hardt råka.

(Artikkelen halder fram etter biletet.)

Den dagen Åkneset rasar kan vil 800 bustader og 216 hytter kunne vere borte. 162 av desse er i Stranda kommune, 66 er i Ålesund. Foto: Staale Wattø

Les meir: Her finn du heile rapporten (ekstern lenke)

Straum:

Tafjord: Det vil bli stopp i overføring av produksjonskraft frå Tafjord.

Valldal: Delar av Valldal blir straumlaust.

Norddal og Eidsdal: Delar av sentrum begge stader blir straumlause.

Fjørå: Delar av Fjøra nedre del vil bli straumlaust.

Vika: Delar av Vika nedre del vil bli straumlaus.

Telefon og datatrafikk:

Truleg vil mest all tele- og datatrafikk frå Skodje og innover langs Storfjorden bli hardt eller totalt råka. Norddal kommune har fire radioamatørar i kommunen, blir det vist til i rapporten.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook.

Vatn:

For Hellesylt og Geiranger vil alt som ligg i faresonen bli øydelagd. For Stranda vil det sannsynlegvis vere mindre øydeleggingar, og for Liabygda minimale.

I Valldal vil det krevje større tiltak for å kunne forsyne austsida av elva då vassleidningar som kryssar elva kan bli øydelagt.

Nedre del av Fjørå, som er tilknytt vassverket, vil miste tilførselen då vatnet kjem frå andre sida av fjorden.

Før eller sidan vil fjellet ved Åkneset rase i sjøen, men ingen veit når. Det vil utløse ein stor tsunami, men varslingsapparatet har vakt døgnet rundt.

Avløp:

Norddal: Djupvassutsleppet og nedre del av avløpsnettet blir øydelagt i alle bygdene, og kloakken vil då strøyme fritt.

Stranda: For Hellesylt og Geiranger vil alt som ligg i faresonen bli øydelagd. For Stranda vil det sannsynlegvis vere mindre øydeleggingar, og for Liabygda minimale.

Bølgja rammer offentlege bygg

Men det stoppar ikkje her. I sona langs fjorden ligg ei lang rekkje viktige offentlege bygg.

Det vere seg kommuneadministrasjonen, skular og eldresenter, samt fabrikkar og ei rad andre typar næringsverksemd. Dette inneber at kommunane må lage planar for korleis dei kan etablere administrasjonen i nye bygg for å drive kommunen vidare.

For næringslivet handlar det blant anna om å fjerne ei rekkje miljøskadelege og dels direkte farlege stoff som ammoniakk i kjøle- og fryselager samt tømme lagertankar ved bensinstasjonar.

Også landbruket vil bli råka av bølgja. I rapporten blir det skissert korleis fleire hundre geiter, sauer og kyr må vekk frå område der bølgja treff.

Rammer veg og ferjer

I tillegg til dette vil ei rekke ferjekaier, mindre bruer og vegar i områda langs Storfjorden, bli øydelagt og uframkommeleg.

- Eit større fjellskred vil medføre at fleire vegstrekningar truleg blir øydelagt. Dette vil gje store samfunnsmessige utfordringar. Nokre stader vil ein ha omkøyringsmoglegheiter, medan ein andre stader vil bli isolert. Sjøvegen kan ikkje nyttast når ein kjem til eit visst farenivå, og vil bli stengt, blir det peika på i beredskapsrapporten.

Rapporten slår også fast at det etter Åknes-raset må etablerast ei rekkje landingsplassar for helikopter og at det vil verte oppretta eit mediesenter på Stranda.