Kvifor er det fullt av døde «reker» på stranda?

Fullt av krill på stranda

Frank Løken på Hellesylt gjekk tur med barna då han såg at delar av badestranda hadde blitt rosa.

Krepsdyr på stranda Tett i tett med noko som liknar små reker skylt i land på Hellesylt badestrand. Dette er krill, meiner havforskarane.  Foto: Frank Løken

Indre

– Eg trudde først at det var tang som hadde drive i land, og vart overraska då eg såg at det var små reker, seier Frank Løken.

Løken fortel at han har fått fleire forklaringar på kva som kan ha skjedd: Kan det vere ein reketrålar som har dumpa reker? Eller er det skrei, kveite eller nise som har skremt dei opp på land?

– Eg har kanskje mest tru på at rekene har blitt skremt på land av fisk, men eg veit ikkje, seier Løken.

Har du sett liknande fenomen? Fortel i kommentarfeltet under

Krill

Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet forskar på reke og sjøkreps. Ho har mest tru på at det skuldast heilt naturlege forhold.

– Dette ser ut som krill, seier Søvik når ho får sjå bilda frå Hellesylt.

Akkurat som reke er krill eit krepsdyr, vanlegvis er to-fem cm lange, og den manglar bøyen som reker er kjend for.

Frå tid til anna kan krill strande i fjøresteinane.

Straum eller rovfisk

Truleg er krillen ført på land av tidevasstraumar eller har rømt unna rovfisk, skriv Havforskingsinstituttet.

Krill kan danne store stimar med fleire enn 100.000 individ. Stimane kan strekkje seg over hundrevis av meter. Strandingane kan vera massive og resultere i metervis lange og kilovis tunge krillbelte i fjøresteinane.

Om dagen held krillen seg nede i djupet for å unngå predatorar. Dei stig opp til overflata for å beita på natta.

Mest truleg er det spesielle straum- og tidevassforhold som fører krillen mot land, trur forskarane.

– Skremmeeffekten frå predatorar, særleg når krillen står høgt oppe vassmassane om natta, kan også påverke åtferda deira, fortel forskarane Padmini Dalpadado og Tor Knutsen til Havforskingsinstituttet sine nettsider.

Krillen vert trekt mot lys, så stranding kan også vera påverka eller direkte var årsak til av veglys eller andre lyskjelder i nærleiken av stranda.

I Norskehavet og dei vestnorske fjordane er det storkrill som er den viktigaste krillarten. Storkrillen er ei viktig matkjelde for blant anna kolmule og sild.