Etter fleire dagar med lite regn og bra med sol har det blitt tørt i terrenget fleire stader på Sunnmøre. I Valldal måtte brannvesenet rykke ut til ein grasbrann tysdag føremiddag.

– Det var ein del tørt gras i området, og eit bål kom ut av kontroll, seier brannmeister Kjetil Iversen ved 110-sentralen.

Ifølge brannvesenet var det ingen hus i nærleiken, og situasjonen var ikkje spesielt dramatisk.

Tørt vêr framover

Dei næraste dagane blir det relativt tørt vêr på Sunnmøre, fortel meteorologen.

– Onsdag blir det stiv kuling frå nordaust ute ved kysten. Dei høgaste temperaturane vil kome inne i fjordstroka, seier meteorolog Tone Christin Taule ved Vervarslinga på Vestlandet.

Dermed vil det framleis vere ein viss fare for grasbrann på Sunnmøre.

Nedbør passerer

Torsdag kveld og natt til fredag kjem eit nedbørsfelt frå nord som passerer Sunnmøre. Det er meldt snø i fjellet over 5-700 meter.

Deretter blir det relativt tørt igjen, så langt meteorologen kan sjå.

– Frå fredag blir det ustadig vêr med varierande vind, og ikkje så store mengder nedbør, seier Taule.

Bålbrenning i skog og mark

Om få dagar blir det forbode å gjere opp eld i eller nær skog og mark utan særskilt løyve. Forbodet gjeld i tidsrommet 15. april – 15. september.