LO si sommarpatrulje fann mange lovbrot

Heile 33 prosent av bedriftene på indre Sunnmøre, som LO si sommarpatrulje besøkte torsdag 7. juli, braut lova.

ANSVARLEG: Kent Logan Jelle, LO sin faglege ungdomssekretær i Møre og Romsdal, er ansvarleg for LO si sommarpatrulje. ARKIVFOTO 

Indre

Det seier Kent Logan Jelle, LO sin faglege ungdomssekretær, i ei pressemelding.

Han fortel at ei bedrift meinte dei hadde så få tilsette at det ikkje var nødvendig å gje dei tilsette lønsslipp.

Sommerpatruljen har også funne det dei meiner kan vere sosial dumping og svart arbeid, noko dei vil rapportere vidare til skatteetaten og Arbeidstilsynet. 

LO sjekkar arbeidsforholda til fylkets ungdommar

Drar på overraskingsbesøk

LO sjekkar arbeidsforholda til fylkets ungdommar

Men dei fleste har likevel alt på stell, og alt i alt seier LO at dei har hatt nokre av sine beste bedriftsbesøk nettopp på indre Sunnmøre.

Mellom anna besøkte dei ei bedrift i Valldal som sa at dei var glade for å få besøk av LO si sommarpatrulje slik at dei fekk stadfesta at alt var i orden.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre