Ein mann blei frakta med luftambulanse til sjukehus etter ei utforkøyring på E39 i Grodås i Hornindal. Den 83 år gamle mannen var åleine i bilen då den køyrde inn i eit tre langs vegen måndag ettermiddag.

Mannen blei brakt til sentralsjukehuset i Førde som opplyser at mannen er alvorleg skadd, men at tilstanden er stabil.

Politiet hadde tidleg måndag kveld ikkje fleire detaljar om korleis ulukka skjedde.

– Vi veit ikkje så mykje meir enno om kva som har skjedd. Vi rekner med at vi må ta ein prat med mannen, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.

Politiet dirigerte trafikken ei periode etter ulukka.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no