– Sjølv om skulestrukturen ikkje er oppe til vurdering i denne omgang, er det viktig å ha i mente at dersom ein ikkje klarer å fylle opp elevplassane i Sykkylven og Stranda, så bør grunnlaget for å behalde begge skulane takast opp til vurdering.

Det skriv Norconsult i ei utgreiing om tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Utgreiinga er laga på oppdrag frå fylkeskommunen.

Stranda og Sykkylven

Norconsult skriv at skulane i Stranda og Sykkylven har delvis dei same utdanningstilboda, og konkurrerer også i nokon grad om dei same elevane.

– Stranda kunne hatt eit potensial for å få fleire elevar frå nordsida av fjorden (Norddal). Men også i denne kommunen er det venta nedgang i elevtalet. Og dei fleste av elevane frå Norddal søkjer i dag primært skuletilbod i Ålesund, legg Norconsult til.

Konsulentfirmaet føreslår at Stranda mister helse- og oppvekstfag til Sykkylven.

– Eit slikt grep vil kunne styrke fagmiljøet i Sykkylven, meiner konsulentfirmaet.

Flytte til Ålesund

Restaurant- og matfag er føreslege flytta frå Stranda til Borgund i Ålesund.

Når det gjeld undervisning innan teknikk og industriell produksjon (TIP) skriv Norconsult at dersom søkjartala til TIP på Stranda blir lågare, vil det vere naturleg å vurdere å flytte dette tilbodet til Sykkylven.

– Men i så fall er det truleg heller ikkje grunnlag for vidareføring av skulen i Stranda i det heile, skriv Norconsult.

Dei trur at også idrettsfag kan kome til å slite på Stranda:

– Idrettsfag er nok det tilbodet som i størst grad held liv i skulen. Slik vi ser det vil sjølv 25 elevar her vere eit optimistisk anslag når det nye tilbodet i Spjelkavik startar opp med to fulle klassar.

– Skulen får fleire elevar

Rektor Jon Hjortdal har knapt fått lest den nye rapporten enno, men er ikkje uroa.

– Vi er langt meir optimistiske. Skulen er inne i ei god utvikling. Talet på elevar har på to år auka frå 155 til 176, og vi har mål om å bli endå fleire.

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) lovar å kjempe for skulen saman med rektoren:

– Skulen leverer resultat som ligg i toppen i fylket. Indre Sunnmøre treng ein vidaregåande skule på Stranda, så den skal vi kjempe hardt for.