Ei rekkje deltakarar frå ulike offentlege etatar, kommunar, fylkeskommune og fylkesmannen er mellom dei påmelde.Opningsføredraget er det statsråd Tord Lien (Frp) som skal halde.

Lars Harald Blikra frå NVE kjem med ein status over dei overvaka skredområda i Norge, lokalhistorikar Astor Furseth vil fortelje om Tafjordulykka, medan Jakob Inge Kristoffersen, Kjetil Rød og Arne Rocvick vil ta for seg risiko- og krisekommunikasjon.

Les stor reportasje: Fjellet som trugar - slik vert den verkelege bølga

Konferansen får også besøk frå Italia, som vil fortelje om 200–300 personar som har vore evakuerte to år på rad, utan at det varsla raset har kome. Erfaringar frå andre ulykker skal også presenterast, nemleg brannen i Lærdal, flaumen på Vestlandet i 2014 - og raset i Kåfjord i 2015.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Les meir på nettsidene til NVE her (ekstern lenke)