I går fortalde italienarane om sine erfaringar på den nasjonale fjellskredkonferansen i Geiranger.

– I 2013 hadde vi vår første evakuering. Den varte frå 19. mai til 26. juli, fortalde ordførar Fabrizia Derriard. Courmayeur ligg i Valle d`Aosta, den minste regionen i Italia – plassert heilt i nordvest like ved den franske grensa.

Ny taktikk: Vil prøve vatn mot Veslemannen

Le Saxe

Fjellpartiet Le Saxe trugar La Paud og Entreves i Courmayeur. Der bur det 90 fastbuande, pluss vanlegvis tre-fire hundre turistar.

Fjellpartiet er særs godt overvaka med ulike tekniske installasjonar, fortalde geolog Davide Bertolo.Så året etter den første evakueringa gjekk alarmen igjen: Dei tekniske installasjonane viste at fjellet var i bevegelse. Eit ras kunne kome når som helst, og det vart ny evakuering.

– Evakuering nummer to var sjølvsagd meir krevjande. Då er det viktig å ha god kommunikasjon med folk, å vinne deira tillit, sa ordførar Derriard.

Lærdom

STYRTE: Fylkesberedskapsleiar Stine Sætre i Møre og Romsdal leia fjellskredkonferansen som samla over 180 deltakarar.

Og nettopp tillit hos folk er eit stikkord, seier geolog Lars Harald Blikra i NVE når vi spør kva vi her i Norge kan lære av erfaringane frå Courmayeur.

– Det er viktig å kommunisere godt med befolkninga, slik at dei har tillit til det vi seier når det går ut varsel om evakuering.

Blikra har sjølv besøkt den italienske byen fleire gonger, og seier at dei prøver å lære av kvarandre, sjølv om alle fjell opptrer litt ulikt frå kvarandre.

– Mellom anna rasar dei på ulike måtar, seier han.Både i Italia og her heime er fjellovervakinga basert på ulike tekniske løysingar.

– Utstyret dei nyttar i Italia er svært likt vårt eige, seier Blikra.

Prøver ut varsling: Bilistene får 30 sekunder på å rømme unna Grandefonna

Informasjon

Ordførar Fabrizia Derriard fortalde at dei la stor vekt på daglege oppdateringar, sjølv om det ikkje alltid var noko nytt å fortelje: