Ventetid i Røyratunnelen

Natt til tysdag blir det kolonnekøyring i Røyratunnelen på fylkesveg 60 i Stranda kommune.
 
Indre

Trafikantane må rekne med inntil ein halv time ventetid, melder Statens vegvesen. Det blir kolonnekøyring frå midnatt til rundt 05.00 tysdag morgon.

Røyratunnelen inngår i rassikringa av fylkesveg 60 mellom Røyr og Hellesylt.

På same strekning er Ljøtunnelen under bygging. Denne er venta ferdig i løpet av året.