Aarseth er ny direktør i Formfin

Vibeke Aanning Aarseth (51) er tilsett som adm.dir. ved Formfin Møbler AS i Sykkylven.

MØBELDIREKTØR: Vibeke Aanning Aarseth (51) er tilsett som adm.dir. ved Formfin Møbler AS i Sykkylven. 

Indre

Ho har dei siste fire åra arbeidd som Senior Key Account Manager i Sykehuspartner med hovudansvaret for Oslo Universitetssykehus.

Før det arbeidde ho mange år i Nets med sal av finansielle digitale IT- løysingar og med kundeansvar for både nasjonale og internasjonale bankar. I tillegg har ho mange års erfaring innanfor HMS, opplæring og kompetanseutvikling.

– Det blir både utfordrande og spanande å ta fatt på jobben som adm.dir. ved Formfin Møbler. Bedrifta er tufta på lokale og solide handverkstradisjonar og er godt rigga for framtidig vekst i samarbeid med dyktige tilsette, kundar og samarbeidspartnarar, seier Aarseth i ei pressemelding.

Vekst i møbelskesporten:

Lysare tider for møbel

Høg kvalitet, god design – og ein behageleg kronekurs. Det er årsaka til ein vekst i møbeleksporten i år.

 

Ber Erna se mot møbel

Kristine Landmark i Slettvoll ber statsminister Erna Solberg se til ferdigvareindustrien for å få Norge gjennom krisen i olje og gass industrien.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre