Dermed er tredje og siste byggesteg ferdig i rasstryggingsprosjektet mellom Stranda og Hellesylt.

– Det blir seremoni med snorklipping inne i tunnelen frå klokka 12, og etterpå blir det program i Stranda sentrum. Detaljane er ikkje klare enda, men Vegvesenet jobbar tett med kommunen og fylkeskommunen for å lage ein skikkeleg folkefest, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Statens vegvesen rassikrar strekninga Røyr-Hellesylt på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidan vegen vart opna i 1962 har snøskred vore den største trusselen på fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt.

Den nye Ljøtunnelen skal erstatte dagens smale, til dels våte og dårleg opplyste Ljøtunnel. Første salve gjekk av i juni 2014.

I desember i fjor vart den betongstøypte 440 meter lange Røyrtunnelen opna på same strekning. Tidlegare har Streketunnelen blitt forlenga og rehabilitert på same strekninga.

Her kan du lese meir om rassikringsprosjektet som no skal vere fullført (ekstern side).