I eit brev til NRK ber kommunestyret i Norddal statsinstitusjonen om å sørge for at det blir installert materiell som gjer det mogleg å ta inn radiosignala til NRK1 i heile Tafjord og i den seks kilometer lange tunnelen ut ifrå bygda også etter at FM-nettet blir stengd.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Kommunestyret peikar på at området er særleg utsett for naturkatastrofar, og at undersøkingar viser at det vil skje igjen. Vidare har Tafjord Kraft åtte av sine produksjonsstasjonar her. Difor vil kommunen ha mottaksforhold for den nye DAB-radioen, som blir einerådande.