Torsdag feira Hotel Union Øye seg sjølv:

– Eigentleg vart vi 125 år i juni. Men det har vore så hektisk i år, at vi har ikkje hatt tid til å feire før no, seier hotelldirektør Mariann Mork-Øye.

SJEFEN Mariann Øye-Mork er direktør ved Hotel Union Øye. Det har ho vore sidan 2008.

For jubileumsåret har vore fantastisk for det historiske hotellet på Øye i Norangsfjorden.

– Målet vårt var 2650 gjestedøgn. Og då trudde eg at vi tok hardt i. Men no er vi oppe i 3.100, smiler hotelldirektøren.

Det betyr også at omsetninga veks. I fjor omsette dei for 11,8 millionar kroner. I år ser dei ut til å nå om lag 14 millionar.

Baron var først

Den aller første gjesten for 125 år sidan var Sir Robert Gresley, den 11. baronen av Drakelowe.

No er det ikkje mange britar i korridorane. I staden har nordmenn teke over som gjestar på Hotel Union.

Dersom du bur på eit av dei 27 romma på hotellet, så er det spanande å tenkje på kven som kan ha overnatta her tidlegare.

For gjestelista tel namn som keisar Wilhelm II, kong Oscar II, dronning Maud og kong Haakon VII, Edvard Grieg, Karen Blixen, Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sir Arthur Conan Doyle.

Rastlause Linda

Hotellet har 12 årsverk, men heile 25–30 i høgsesongen. Ein av dei tidlegare tilsette, tenestejenta Linda, skal etter sigande vere der framleis, på blårommet – sjølv om segna fortel at ho 1890-åra drukna seg i elva etter ei ulykkeleg kjærleikshistorie med ein av keisar Wilhelm sine offiserar.

ANTIKVITETAR Hotellet på Øye er full av antikvitetar, som denne gamle skotske riddarrustninga.

Ein skulle kanskje tru dette ville skremme gjestane, men blårommet er eit av dei mest populære romma.

Hotel Union Øye vart altså bygd i 1891. Dahl-familien dreiv det i tre generasjonar. Etter nokre tøffe tiår etter 2. verdskrig vart hotellet i 1989 seld til Per Ola Ratvig, Idar Nordang og Johan Øye. Dei pussa det opp og gjenopna i 1991.