Dronnng Sonja opnar gondolbana Hoven

Dronninga kjem til Stryn i mai.

Luftig Her vil pendelbanen gå tilnærmet loddrett, 1000 meter over fjorden.  Foto: Philipp Bihner

Indre

H.M. Dronning Sonja blir til stades ved opninga av gondolbana Hoven i Loen i mai 2017.

Det melder fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen vil i samarbeid med Slottet, Hoven Loen AS og Stryn kommune utarbeide eit eige program for besøket, og kjem tilbake med meir informasjon.

Hovenbana i Loen skal ta turistar til toppstasjonen på 1001 meters høgde i løpet av seks-sju minutt.

Gondolbana er ei av dei brattaste i sitt slag, og bana og restauranten på toppen skal vere ferdig til turistsesongen startar i mai 2017.

Hovenbana i Loen vart dyrare

Nye utgifter gjorde Hovenbana i Loen 65 millionar kroner dyrare enn tenkt.