Små og store aktørar går saman i Valldal

– Vi ønsker å skape auka heilårsturisme i Valldal, basert på ulike helsebringande aktivitetar, seier prosjektleiar Ragnar Heggdal.

Denne veka får dei hjelp av Bente Storhaug Dahl i Møre og Romsdal Bedriftsrådgiving (MRB) til å kartlegge kva for tilbydarar i Valldal-området som kan bidra til at bygda blir ein sentral stad for helseturisme.

Sunne aktivitetar

– Så langt er det stor interesse for å bli med på prosjektet. Det er fleire som tilbyr sunne aktivitetar, seier Bente Storhaug Dahl.

– Nokre av dei er allereie komne godt i gang, andre er i startgropa og treng kanskje ein dytt, legg ho til.

– Eg er overraska over kor mange aktivitetar det er i ei såpass lita bygd som Valldal. Og sit det nokon med gode idear som dei ikkje har kome ut med enno, er vi interesserte i høyre frå dei, seier ho.

Utfordring

Ragnar Heggdal seier at ei utfordring for mange små aktørar er å bli synlege. Dette vil dei gjennom prosjektet hjelpe dei med.

PROSJEKTLEIAR: Ragnar Heggdal, utleigd frå Classic Norway, er prosjektleiar for Muriparken Helseturisme.

– Helseturismeprosjektet går over to år, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Muritunet, Norddal kommune og Classic Norway/Valldal Fjordhotell.

– Vi gjer eigentleg noko nytt med dette prosjektet. Så langt har helseturisme stort sett dreidd seg om å byggje spa-anlegg. Vi skal gå mykje lenger enn det, seier Ragnar Heggdal.

Og det blir mykje hest denne helga, i samarbeid med Stall Bjørstad. Pilates og kognitiv trening med Sentrum Fysioterapi står også på programmet, det same gjer bading i bassenget til Muritunet.

Det neste tilbodet som blir lansert er eit trugekurs:

– Om sommaren er det mange tilbod her. Målet vårt er mellom anna å få opp aktiviteten om vinteren. Og her kjem trugekurset inn, forklarer Heggdal.

Nasjonal målsetting

Han legg til at de er ei nasjonal målsetting å få folk i meir fysisk aktivitet, og å ete sunnare mat. Alt dette vil helseturismeprosjektet i Valldal vere med på.

– Og plasseringa vår er heilt perfekt, med nærleik til Muritunet som har brei, fagleg kompetanse. Vidare har vi frisk luft, flott natur som fristar til turar heile året – og tilgang på sunn mat, seier Heggdal.

At Classic Norway, som eig Valldal Fjordhotell, er med i prosjektet, er ikkje tilfeldig:

– Prosjektet hadde ikkje kome i gang utan hotellet. Det er stor turistrafikk her om sommaren. Resten av året har Muritunet ein samarbeidsavtale med hotellet, der dei leiger rom. For tida disponerer dei nesten halvparten av dei 40 romma her. Men det er kapasitet til meir aktivitet, seier Ragnar Heggdal.

Han er utleigd frå nettopp Classic Norway, og det er dei som også skal stå for marknadsføringa av det nye tilbodet.

– I første omgang satsar vi på å hente kundar frå vår eigen region, seier Heggdal.

Ny hotellsjef

Valldal Fjordhotell vart opna i juli i fjor, og fekk raskt nesten fulle hus.

I starten var Cecilia Hedvall hotellsjef. Men ho har flytta heim att til Stockholm, så i midten av november vart ho erstatta av Yngve Strand, som fram til då arbeidde ved Storfjord Hotell i Skodje.