Kommunereforma:

Norddal og Stordal vil slå seg saman

Stordfjord kommune kan bli eit faktum.

Rådhuset i Stordal. Arkivfoto 

Indre

Onsdag vart det klart at Stordal vil slå seg saman med Norddal. Det var avisa Stordfjordnytt som var på kommunestyremøtet i Stordal og kunne fortelje om utfallet.


Ordførarane har signert intensjonsavtale om samanslåing:

Stordal og Norddal kan verte Storfjord kommune

Tidlegare har kommunane vore i samtalar med fleire, mellom anna Ørskog, om å gå saman i ein større landkommune. Det arbeidet førte ikkje fram, men no ser det ut til Stordal og Norddal aleine kan verte den nye Storfjord-kommunen.

Før vedtaket var det ein kort debatt, og Frode Færøy ifrå Høgre sette fram eit alternativt framlegg om at forhandlingsutvalet skulle gå i forhandlingar med Ørskog, Skodje, Sandøy og Ålesund, men stordalspolitikerane røysta elleve mot fire røyster for å slå seg saman med Norddal.

Den nye kommunen kan få namnet Storfjord kommune.

Oppdatering:

Ordførar Arne Sandnes (Sp) melder seint torsdag kveld at Norddal kommune vedtok med 11 mot 6 stemmer å slå seg saman med Stordal.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre