Regjeringa set av heile 12 milliardar kroner i Nasjonal Transportplan til skredsikring av fylkesvegar. Dermed er rassikker veg til Geiranger inne på trygg plass, seier Frank Sve (Frp). Avisa Sunnmøringen skreiv om saka først.

Nyheita kom under Nasjonal rassikringskonferanse i Tromsø torsdag.

– Dette er ein gledens dag for Geiranger. Prosjektet er ferdig regulert og planlagt, og det er klart til oppstart etter sommaren. Så dette er ei kjempenyheit for Møre og Romsdal, seier Sve til Sunnmørsposten.

Fylkesveg 63 er hovudtilknytinga til og frå Geiranger, men om vinteren gjer snøskred og fare for snøskred at vegen ikkje alltid er open. Det er registrert heile 13 stader med rasfare på strekninga. For fylket er dette det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesvegane i Møre og Romsdal.

No ser det altså ikkje ut til å stå på pengar. Dermed kan den 4,7 km lange tunnelen mellom Indreeide i Norddal og Korsmyra i Stranda stå ferdig i 2021. Tunnelen er kostnadsrekna til om lag 700 millionar kroner.

– Dette er eit av landets mest rasutsette område, seier Sve og fortel at han sjølv har opplevd å bli innesnødd i Geiranger på grunn av rasfare.

– For hotella i Geiranger er dette viktig. No vil dei kunne garantere at vegen er open heile året, seier han.

– For første gong er det sett av like mykje pengar i NTP til rassikring av fylkesvegar og riksvegar – 12 milliardar til kvar av vegtypane. Tidlegere har det blitt sett av langt meir til sikring av riksvegar enn fylkesvegar, seier statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdselsdepartementet til Nordlys.