Torsdag ettermiddag fekk politiet på Sunnmøre to meldingar om stolne båtmotorar, ein i Valldal og ein i Stordal. Det skal vere ein 40 hk Honda og ein 10 hk Suzuki.

– Vi ser ikkje vekk frå at det er fleire båtmotorar som er borte. Vi oppfordrar folk til å sjekke båtane sine dersom dei bur i desse områda, seier operasjonsleiar Arild Reite.

Begge åstadane er undersøkt av politiet.

– I alle fall på den eine staden var det fotspor i snøen. Det kan tyde på at det har skjedd sist natt, seier Reite og ønskjer tips dersom folk har sett noko mistenkeleg.