(Sunnmøringen): Søndag opplyste Geiranger Fjordservice på Facebook-sida si at dei innstiller frakt av passasjerar til Skagehola inntil vidare. Dette gjeld både avgangane med rib- og sightseeingbåt.

Årsaka til kanselleringane er tilhøva på stien til Skageflå.

Sleipe forhold

I ein e-post oppfordrar fungerande leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg, til å utvise varsemd på tur.

– Verdsarvstiftinga vil minne alle om at mange av stiane i området vårt er prega av ein del vått vêr i det siste. Fleire stadar er det meir sleipt og gjørmete enn vanleg, og dette krev ekstra varsemd frå alle som ferdast i naturen. Det har no vore fleire ulukker i området vårt, og vi veit også at stadig fleire oppsøker naturen og opplevingane der. Kva ferdigheiter og kunnskap folk har, er høgst varierande. Ein del har svært dårleg grunnlag for å leggje ut på turane dei vel, men det skal òg seiast at mange er godt budde, skriv ho.

Les også:

Vil gjere det tryggare å gå i land ved råsa til Skageflå (for abonnentar)

Fallulukker

Løvoll Rønneberg skriv at dei støtter avgjersla til Geiranger Fjordservice om å ikkje lenger sette i land folk i Skagehola. Bakgrunnen skal vere fleire fallulukker på staden.

– Vi vonar på å få på plass tilretteleggingstiltak i form av eit enkelt «rekkverk» i området ved ilandstiging og påstiging, samt i den nedste delen av råsa. Nokre formelle avtalar må på plass før vi kan gå i gang med dette arbeidet, men vi prioriterer det så fort avtalar er på plass, seier leiaren i verdsarvstiftinga.

Ikkje stengt

På same tid presiserer ho at råsa til Skageflå ikkje er stengt, slik at folk sjølve kan ta seg dit via Homlong.

– Vi har ikkje mynde til å forby nokon å bruke Skagehola, men vi ber alle om å vurdere dette nøye før de eventuelt set i land/tek om bord folk der. Eg vil elles leggje til at også på denne ruta er det fleire sleipe parti, og langt større fare for fall og skadar enn ved «tørre forhold».

Oppfordrar bedrifter til å informere

E-posten er send til reiselivsverksemder i området, og oppfordringa om å utvise varsemd går også til andre som ferdast i naturen.

– Slik situasjonen er, vil vi minne dykk alle på å informere godt til dykkar kundar. Minn også alle på at all ferdsel skjer på eige ansvar, og at ein må velje tur etter evne, skriv Løvoll Rønneberg.

Ho ber alle relevante bedrifter om å gjere sitt beste for å gi besøkande god informasjon om turruter og vanskegrad/forhold.

– Dersom de sjølve er usikre, så ta kontakt med folk som har god kjennskap til turrutene.

Sunnmøringen har vore i kontakt med dagleg leiar i Geiranger Fjordservice AS, Helle Firhøj Jensen. Ho er på ferie og ønskjer ikkje å kommentere saka. Også avløysar for dagleg leiar har fri på noverande tidspunkt, får vi opplyst av bedrifta.

Denne saka vart først publisert på sunnmoringen.no