Det seier Helge Ibrahim, dagleg leiar av Stranda Booking AS på Stranda.

I framlegget til statsbudsjett har nemleg regjeringa lagt inn ein momsauke for reiselivsnæringa, frå ti til 12 prosent.

Ibrahim har ei reiselivsbedrift som dei siste tre åra i snitt har hatt ein auke i omsetninga kvart år på 40 prosent. l år reknar han med ei omsetning på ca. ti millionar kroner.

– Vi går med overskot, men det er ikkje stort. Bedrifta vår opererer i ei tøff næring med små marginar, legg Helge Ibrahim til.

Difor vil ei auka momsrekning på mellom 50.000 og 100.000 kroner slå rett ut på botnlina.

– Hadde du latt vere å investere i desse nye hyttene om du hadde visst om momsauken?

– Eg hadde nok investert uansett. For vi må heile tida forbetre oss. Dei nye hyttene, bestilt frå England, skal erstatte eldre hytter vi har. Dette må til for å henge med, seier Ibrahim.

Han karakteriserer dei nye hyttene som frittståande hotellrom, med veranda og gassgrill utanfor.

– Det finns ikkje slike hytter i Norge i dag. I England er det ein større park som har desse hyttene, og dei har ein score frå gjestane på 9,7 av 10 oppnåelege på booking.com. Og det seier vel alt, meiner Ibrahim.

Han fortel at dei nye hyttene kjem i desember, og trass i momsauken gler han seg til å presentere dei for gjestane.

Ibrahim legg til at ein god del overnattingar for neste år er allereie seld inn til gamle prisar utan ny moms. Det betyr at bedrifta hans må ta heile ekstrautgifta med momsauken.

– Norsk Turistutvikling på Lillehammer har rekna ut at gjestene våre legg igjen i alt 12 millionar kroner i nærområdet. Regjeringa må ikkje gløyme at overnattingsbedriftene er med på å fylle distrikta med folk. Priser vi oss ut, vil heile samfunnet tapet på det, legg Helge Ibrahim til.

Bedrifta hans er medlem i NHO Reiseliv, og Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO, føler med Ibrahim:

– Vi i NHO synest det er uheldig med denne føreslegne momsauken, som særleg rammer ein bransje med mange bedrifter ute i distriktet. Dette er dessutan ein bransje der lønsemda stort sett er låg. Difor bør dei unngå denne momsauken, meiner Torill Ytreberg.

Frittståande hotellrom, kallar Helge Ibrahim dei nye hyttene som Stranda Booking har bestilt ni eksemplar av frå England. Foto: Privat