Det var ein heit og kjensleladd debatt i kommunestyret onsdag kveld, melder NRK Møre og Romsdal.

Amalie Birkhol (V) meinte konsekvensane av å stå åleine er svært alvorlege.

– Det er heilt uforståeleg å gjere eit vedtak som betyr at det er heilt greitt at vi mister 3,1 millionar kroner årleg, sa Birkhol.

– Er de heilt blinde for dei demokratiske spelereglane, sa ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp), som ikkje ønskjer å innleie forhandlingar.

Partia som ønskte å forhandle med Sykkylven er Venstre, Høgre, KrF og Frp.