Med seks mot tre røyster rår levekårsutvalet i Sykkylven til at Tandstad skule blir lagt ned allereie frå komande haust av.

Årsaka til ei eventuell nedlegging er at skulesektoren er pålagd å spare millionbeløp dei neste åra. Saka går no vidare til formannskap og kommunestyre.

Dersom dei også går for nedlegging, blir det sett i verk ein prosess med folkemøte og høyringar - før eit endeleg vedtak kan bli gjort i mai.

Leiaren røysta imot

Leiaren i levekårsutvalet Jarle Strømmegjerde (H) var ein av dei tre som røysta imot:

– Eg synest vi skal behalde skulen. Dette er ein god skule, og den einaste utanom sentrum. Eg stiller også spørsmål ved kor mykje ein sparar ved å leggje ned skulen, seier han.

Dei to andre som sa nei til nedlegging var ein representant frå Sp og ein frå SV.

Sa ja til nedlegging

To representantar frå Frp, to frå Ap, ein frå KrF og ein frå Høgre sa ja til nedlegging av Tandstad skule.

Levekårsutvalet i Sykkylven fekk tre alternativ frå administrasjonen som dei skulle vurdere på møtet:

1. Bruke ostehøvelmetoden, og kutte ved alle skulane, noko som betyr over ei heil lærarstilling mindre både ved Ullavik, Aure, Vik og Sørestranda.

2. Leggje ned Tandstad skule frå komande haust av, og sende elevane til Sørestranda skule.

3. Leggje ned Tandstad skule frå hausten 2019.

Rådmannen har tidlegare signalisert at ho meiner alternativ to er best, fordi det gjev størst økonomisk effekt. Det var også fleirtalet i levekårsutvalet einige med henne i.