I Norddal ønskjer bygdene Eidsdal og Norddal å bli flytta til Stranda. Fredag klokka 12 legg fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråding. Etter det NRK kjenner til, vil fylkesmannen tilrå at dei to bygdene får bytte kommune. Fleirtalet i bygdene Eidsdal og Norddal vil flytte over til Stranda

Liabygda skal halde fram som ein del av Stranda kommune, etter det NRK erfarer.

Det er kommunaldepartementet som skal ta den endelege avgjerda. Fylkesmannen skal også ta stilling i desse sakene.

Skal grendene Bjørke og Viddal overførast frå Ørsta til nye Volda kommune?