Ulukka skjedde i Velledalen, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.
I alt tre bilar var involvert i ulukka og det var snakk om ein kraftig kollisjon.
Ifølgje Nrk blei ein bil påkøyrd bakfrå dan han stoppa opp. Bilen som køyrde inn i den hamna så over i motgåande køyrefelt der den kolliderte med ein bil som kom imot.
– Ein mann i slutten av tenåra er frakta til sjukehus med ambulanse. Skadeomfang er så langt ukjent, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i politiet til Nrk.
Det var tre personar involvert i ulukka. Dei involverte er i slutten av tenåra, i 40-åra og i 70-åra.
Ifølgje Helse Møre og Romsdal har ein mann i 40-åra moderate skadar etter ulukka. Skadane til tenåringen vert omtalt som lette.
Vegen på staden var sperra og ifølgje Sunnmørspostens sin medarbeider på staden fekk bilistar beskjed om å finne alternative vegar, men frå 17-tida var det trafikkdirigering forbi ulykkesstaden.