Det heiter det i eit opprop til politikarane i Norddal som 316 innbyggjarar i Norddal kommune har skrive under på.

I brevet vert det bede om å gjennomføre ei innbyggjarhøyring i Fjørå, Tafjord og Valldal slik at folk også i desse bygdene får seie meininga si om alternativet der Stranda blir med i ein ny kommune i Indre Storfjord.

Initiativtakarar

Det er Merete Løvoll Rønneberg i Eidsdal og Audun Skjervøy i Valldal som har teke initiativ til oppropet.

– Vi set pris på at arbeidet med å slå saman Stordal og Norddal er komme godt i gang, men meiner den nye Fjord kommune ikkje blir sterk og slagkraftig nok i møte med krava som vert stilte til kommunane i åra som kjem, seier dei to i ei pressemelding.