Ein turistbuss køyrde seg laurdag ettermiddag fast ved Kvanndalsbrua, og vegen var stengt i tre kvarter på grunn av bilberging. Klokka 16.30 vart eitt køyrefelt opna.

Litt før klokka 17.30 melder Statens vegvesenet at vegen er open for trafikk igjen.

Turistbussen stod fast ved Kvanndalsbrua på fylkesveg 63, rundt ni kilometer aust for Geiranger.

Det er ingen personskade, opplyser politiet i Møre og Romsdal.