Vaskemaskin tok fyr

Brannvesenet fekk sløkt branntilløp i vaskemaskin i ein einebustad i Liabygda.
Indre

- Det er branntilløp i ein vaskekjellar. Det er ikkje fare for folk, opplyste brannmester Frank Austdal ved 110-sentralen til Sunnmørsposten. Klokka 16.23 var brannvesenet framme på stadsen.

Det kjem røyk frå kjellaren, opplyste politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Klokka 16.40 opplyste 110-sentralen at branntilløpet er sløkt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre