Stranda hamnevesen sitt krav om passasjervederlag frå Hurtigruten er ugyldig, slår Frostating lagmannsrett fast.

Hamnevesenet kravde Hurtigruten for drygt 1,2 millionar kroner i passasjervederlag for besøka i Geiranger i 2012 og 2013, noko reiarlaget har nekta å betale.

Dei fekk medhald tingretten, og no få dei medhald i ankesaka i lagmannsretten, som meiner at prissetjinga av passasjervederlaget er vilkårleg og at Hurtigruten er blitt forskjellsbehandla.

Opphavleg var hamnevesenet og Hurtigruten også ueinige om ei anløpsavgift. Men etter at denne vart redusert med 77 prosent, har reiarlaget gått med på å betale ca. 353.000 kroner for 2012 og 2013. Samtidig er Stranda Hamnevesen dømd til å betale Hurtigruten sine sakskostnader på til saman 1,4 millionar for dei to rettsrundane.

- Min klient er nøgd med dommen, men ikkje overraska over utfallet. Vi har heile tida meint at dette passasjervederlaget som Stranda Hamnevesen kravde var ei betaling for ingenting, seier Hurtigruten sin advokat, Mats E. Sæther frå Nordisk Legal Services.

Han peikar også på at reiarlaget har vore opptekne av å bli behandla likt.