Det stadfestar styreleiar Ole A. Ringdal til Sunnmørsposten. Årsaka til at dei går til eit slikt skritt er elendig økonomi.

Nettstaden hellesylt.no melder at drifta gjekk med 519.000 kroner i minus i år, og 408.000 i minus i fjor. Galleriet er eigd av eit aksjeselskap med mange lokale eigarar. På generalforsamlinga gav dei sitt samtykke til at styret kan gå vidare med sal av bygget – og kunsten, 11 store trerelieff, som avdøde Oddvin Parr har laga.

– Dei som kjøper kunsten må forplikte seg til at han skal hengje i galleriet på Hellesylt for all framtid. Og dei som kjøper bygget må akseptere at det framleis skal vere galleri her. For det blir det, seier Ringdal.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no